2024
Vi har opna for nominering av forslag til utdeling i 2024. Kjenner du nokon som fortener å vinne Drivprisen 2024 kan du nominere så mange du ønskjer. Det er også mogleg å nominere sitt eige selskap.
Juryen tar i mot forslaga, og vurderer opp mot kriteria. Når juryen har bestemt seg for tre vinnarar av 1. 2. og 3. plassen blir dei tre publisert på drivprisen.no.
Endeleg kåring og utdeling av pris blir gjort på næringskonferansen Kraft i Vest 2024.
Alle forslag blir halde konfidensielle, og berre dei tre vinnarkandidatane blir offentleggjort.
Frist for å nominere er 31. mai 2024.
Tidlegare vinnarar
2023
1. plass
Renasys
Renasys har ei unik løysing på ei betydeleg miljøutfordring, med eit stort vekstpotensial internasjonalt. Teknologien kan bidra til viktig lokal- og regional utvikling og verdiskaping. Renasys sin unike filterreisning med høg effekt kan redusere kostnadar for både offentlege og privat sektor.
2. plass
ECOsubsea
Andreplassen i årets kåring gjekk til ECOsubsea, som jobbar med berekraftig skogvaskteneste, og har utvikla ein teknologi som kan redusere 10 millionar tonn CO2 kvart år.
3. plass
Carrot
Carrot er ein nyskapande aktør innan sirkularitetsdata. Dei har skapt ei datadreven løysing for avfallsproblematikken, som fremjar effektiv ressursbruk og skal sikre at fleire materiale blir gjenvunne.
2022
1. plass
Brødrene Aa
Brødrene Aa har sett Vestland og Norge på kartet internasjonalt gjennom utvikling og bygging av låg- og nullutslepps hurtigbåtar med karbonfiber som materiale.
2. plass
HyFuel
HyFuel jobbar med å etablere eit produksjonsanlegg for grøn hydrogen i Florø.
3. plass
Aquafuel
Aquafuel frå Bergen utviklar digitale løysingar for berekraftig fiskeproduksjon.
2021
1. plass
Boliden Odda
Boliden Odda er ei stor bedrift som stadig er i vekst, og som produserer sink på ein berekraftig måte.
2. plass
Zinus
Zinus er ein leiande leverandør av landstraumsprodukt og autonome ladeløysingar for hamner og skip
3. plass
7Analytics
7Analytics utviklar software som skal sørge for berekraftig overvasshandtering, samt hjelpe dei ansvarlege som skal styre vatn/avløp for å sikre at det ikkje oppstår flaum.
2020
1. plass
TioTech AS
TioTech er komne langt i å utvikle eit nytt batterimaterial, «TitanB», med svært lovande resultat.
2. plass
Fjord Maritime AS
Fjord Maritime fokuserer på berekraftig teknologi og miljøtiltak i havbruksnæringa.
3. plass
Innvik AS
Selskapet har satsa på produktinnovasjon og prosessinnovasjon, med mål om å ta ein leiande posisjon som berekraftig tekstilprodusent.
2019
1. plass
Corvus Energy
Corvus Energy held til i Bergen, og er ein pioner innan maritime batteripakkar og energilagringssystem.
2. plass
Bergen Carbon Solutions
Bergen Carbon Solutions brukar banebrytande teknologi for å produsere karbon-nanofiber direkte frå klimagassen CO2.
3. plass
Evoy
Evoy held til i Florø, og jobbar med elektrifisering av hurtige proff- og fritidsbåtar.