Selskapet tilbyr kostnadseffektive tenester og produkt for sine kundar med fokus på berekraft. Gjennom teknologiske løysingar skal dei bidra til å elektrifisere havbruknæringa.
Sjå Fjord Maritime AS sin nettstad →
– Fjord Maritime er ei verksemd med fokus på berekraftig teknologi og miljøtiltak i havbruksnæringa. Dei har utvikla gode løysingar for energioptimalisering og berekraftig drift hos sine kundar, og gjer såleis eit viktig grønt arbeid i sjømatnæringa, seier administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene.
Fjord Maritime ønskjer å elektrifisere havbruknæringa og utfordre dei etablerte løysingane. Dei meiner løysingane gir umiddelbar effekt og ein total reduksjon av miljøfotavtrykk. Fjord Maritime sine installasjonar har redusert CO2 utsleppet med ca 9.350 tonn, som tilsvara reduksjon av utslepp frå ca 4.600 personbilar (per november 2020).
– Vi er både stolt og glad for å få andreplassen. Forretningsplanen våre er basert på kjerneverdiane til prisen, innovasjon og berekraft. Det er kjekt å bli lagt merke til og motiverer oss vidare til å utvikle våre tenester og løysingar for å nå eit felle samfunnsmål om ei berekraftig framtid, seier Vidar Rabben, leiar for Fjord Maritime.