Drivprisen er ein grøn innovasjonspris i Vestland, og er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, Innovasjon Norge og Vestland Fylkeskommune.
Fakta
- Ein innovasjonspris i Vestland som vart delt ut for første gong i 2019
- Målet å løfte fram innovative idear med eit ekstra stort potensial til å setje fart på det «grøne skiftet»
- Førsteplassering gir 200 000 kroner i støtte
- Andreplassering gir 100 000 kroner i støtte
- Tredjeplassering gir 50 000 kroner i støtte
- Dei tre kandidatane får også reklameverdi og merksemd på årets konferanse
- Vert delt ut på næringskonferansen Kraft i Vest Sandane i september
- Nominasjonsfrist for Drivprisen 2024 er 31. mai 2024
Søkekriteria
- Bidraget kan både vere eit gründerprosjekt, ein ny patent, eller ein forretningsidé frå bedrifter eller organisasjonar.
- Bidraget må vere originalt og ha potensial til å setje fart på det grøne skiftet.
- Bidraget må ha forretningsadresse i Vestland fylke, og vinnarbidraget må også ha eit stort potensial for verdiskaping her.
Ein kan nominere eigen ide eller verksemd. Ein kan nominere fleire kandidatar. Nominer din eller dine kandidatar innan fristen 31. mai 2024.
Jury
I juryen sit
- Knut Arild Flatjord, produksjonsdirektør i Sogn og Fjordane Energi
- Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane
- Geir Kåre Resaland, prorektor for utvikling ved Høgskulen på Vestland
- Bård Sandal, fylkesdirektør innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylke
- Rune Henjesand, rådgjevar for Innovasjon Norge Vestland
Det er desse som vurderer alle innkomne nominasjonar basert på søknadane som er kome inn. Dei deler også ut prisen på Kraft i Vest som går av stabelen kvart år i september.
Nominer
Lista over alle nominasjonane vert heldt konfidensielt innad i juryen, og det er gratis å nominere. Ikkje nøl ved å sende ein nominasjon dersom du trur på ein ide eller ei verksemd i Vestland som kan utgjere ein forskjell i klimautfordringane vi står midt opp i. Nominer gjerne fleire du meiner fortener å vinne.