Corvus Energy held til i Bergen, og er ein pioner innan maritime batteripakkar og energilagringssystem.
Sjå Corvus Energy sin nettstad →
Desse skal både redusere kostnader og få ned utslepp.
– Corvus har utvikla ein batteriteknologi som er verdsleiande. Dei skal no levere verdas største batteripakke til verdas største cruiseselskap, AIDA. Vi har behov for batteripakkar til store skip, for det er der forureininga er størst, seier Broch Mathisen i juryen.
– Det er ei stor anerkjenning for Corvus Energy å bli nominert til ein så høgthengande pris og stor stas at arbeidet vi gjer for miljøet også blir lagt merke til lokalt. Det har vore mange år med hardt arbeid før vi kunne sjå resultat, men no begynner store delar av verda å opne auga for korleis batteri kan inn i ulike løysingar for å redusere utslepp frå skipsfarten, held han fram.
Det seier Geir Bjørkeli, administrerande direktør i Corvus Energy.
– Sentrum for utviklinga globalt ligg her på Vestlandet takka vere norske myndigheiter og tett samarbeid mellom forskjellige reiarlag, leverandørar, integratorar og ulike cluster og forskingsinstitusjonar. Det den maritime næringa har fått til her viser at det fins store moglegheiter for Norge i kryssinga mellom innovasjon og grøn teknologi, og at det grøne skiftet kan gi mange nye teknologiarbeidsplassar og auka konkurransekraft om vi gjer ting riktig, seier Bjørkeli.