Brødrene Aa vann Drivprisen 2022

VINNARANE: – Veldig kjekt å få denne prisen, seier Tor Øyvin Aa i Brødrene Aa. Her saman med Ole Schanke Eikum (HyFuel) og Bryton Shang (Aquabyte), som tok andre- og tredjeplassen.

På Kraft i Vest-konferansen var det Brødrene Aa som stakk av med årets DRIV-pris for grøn innovasjon. – Ein svært verdig vinnar, seier Trond Teigene,  administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Onsdag vart Drivprisen delt ut på Kraft i Vest-konferansen på Sandane av fylkesvaraordførar for Vestland fylke, Natalia Golis. Dette er ein pris som skal løfte fram grøn innovasjon, og som skal inspirere til idear, teknologi og menneske som jobbar for å bli ein del av klimaløysinga.

54 nominerte

I år var det Brødrene Aa som gjekk til topps i kåringa, i konkurranse med 54 andre nominerte selskap. Verksemda, med om lag 150 tilsette i Hyen og Eikefjord, har sidan starten av 2000-talet hatt fokus på energieffektive fartøy til havs.

I juryen si grunngjeving la dei nettopp vekt på at Brødrene Aa har sett Vestland og Norge på kartet internasjonalt gjennom utvikling og bygging av låg- og nullutslepps hurtigbåtar med karbonfiber som materiale. Gjennom grøn innovasjon har Brødrene Aa skapt konkurransefortrinn, vekst og utvikling for både selskapet og samfunnet rundt.

Låg vekt gir lågare utslepp

Juryen uttalte i tillegg at Brødrene Aa si evne til å sjå moglegheiter i det grøne skiftet er inspirerande, og dei trur selskapet vil ha ei viktig rolle i elektrifiseringa av hurtigbåtar med låg- eller nullutslepp framover.

– Veldig kjekt å få denne prisen. Vi har jobba med det grøne skiftet i over 20 år med fokus på låg vekt, lågt energibruk og dermed lågare utslepp. Vi introduserte karbonfiber som byggemateriale i hurtigbåtar allereie i 2000, og det er den viktigaste grunnen til at vi har den posisjonen vi har i dag, seier Tor Øyvin Aa, administrerande direktør i Brødrene Aa.

Globalt potensial

Andreplassen i årets kåring gjekk til HyFuel, som jobbar med å etablere eit produksjonsanlegg for grøn hydrogen i Florø. Tredjeplassen gjekk til Aquafuel frå Bergen, som utviklar digitale løysingar for berekraftig fiskeproduksjon. I tillegg til statuettar i karbonmateriale, består prisen av ein pengepremie på høvesvis 200 000, 50 000 og 30 000 for dei tre pallplassane.

Initiativtakarane til Drivprisen er dei same samarbeidspartnarane som står bak Kraft i Vest-konferansen på Sandane; Sogn og Fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane, Vestland Fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet og Innovasjon Norge.

– Brødrene Aa er ein verdig vinnar som har eit kjempestort potensial i ein global marknad, seier Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, og ein av jurymedlemane i kåringa.

For meir informasjon, ta kontakt med:

Christin Aare, senior kommunikasjonsrådgjevar i SFE: 979 83 962 / christin.aare@sfe.no