Ein av desse bedriftene vinn Drivprisen i 2022

Topp tre er klare. Det blir enten Aquabyte, HyFuel eller Brødrene Aa som vinn Drivprisen i 2022. Vinnaren vert kåra på Kraft i Vest 21. september.

«Når alt er i endring», er teamet på årets Kraft i Vest på Sandane. Noko av det som stadig er i endring er klimaet vårt, og for fjerde året på rad skal det på konferansen delast ut ein pris som har fokus på nettopp dette.

Drivprisen er ein grøn innovasjonspris i Vestland som har som mål å løfte fram gründerar, idear, teknologi og menneske i fylket som er med og set fart på det grøne skiftet.

Eit stort samarbeid

Juryen har hatt mange gode nominasjonar på bordet, og etter gode diskusjonar står det no mellom tre bedrifter. Dette er Aquabyte, HyFuel eller Brødrene Aa. Bedrifta som stikker av med topplasseringa får houvdpremien på 200 000 kroner, medan andre- og tredjeplassen får 50 000 kroner og 30 000 kroner.

Drivprisen er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, Innovasjon Norge og Vestland fylkeskommune.

Om kandidatane

I fjor var det Boliden Odda som tok førsteplassen, med Zinus og 7Analytics på plassane bak. Også i år er det ei fin blanding av bedrifter som både er godt etablerte og som er meir i startfasen.

Aquabyte: Dei held til på Laksevåg i Bergen og har i dag 50 tilsette. Aquabyte jobbar med å bidra til å dekke verdas matvarebehov gjennom berekraftig fiskeproduksjon. Dette gjennom eit digitalt system som gjer fiskevelferden betre, gjennomfører automatisk lustelling og som bidrar til at oppdrettarar produserer sunn fisk raskare og berekraftig – til ein lågare kostnad.  Systemet er enkelt for brukaren, og gradvis vil det bli ein alt i ein-løysing innanfor fôring, vekst og velferddata.

HyFuel: Dette selskapet jobbar med å etablere eit produksjonsanlegg for grøn hydrogen på Fjord Base i Florø. HyFuel er einaste selskap mellom Kristiansand og Rørvik som har fått støtte frå Enova i utlysinga «Hydrogen til maritim transport». I løpet av få år forventar dei å ha 1-5 personar som administrerer og driftar dette produksjonsanlegget. Frå lokasjonen sin på Fjord Base skal HyFuel gjere hydrogen offentleg tilgjengeleg, som vil erstatte fossilt brennstoff på båtar og landbasert tungtransport. Biprodukta frå produksjonen, oksygen og varme, er det planlagt at Havlandet skal bruke.

Brødrene Aa: Dei har om lag 150 tilsette i Hyen og Eikefjord, og har sidan starten av 2000-talet hatt fokus på energieffektive fartøy. I det grøne skiftet bidrar Brødrene Aa med design og konstruksjon av fartøy som er optimalisert for lang levetid, utvikling av energieffektive skrog og bruk av teknologi som reduserer energibehovet. Brødrene Aa var først ute med å ta i bruk karbonfiber som byggemateriale, og i dag er bedrifta internasjonalt leiande på bygging av karbonfiberfartøy.

Juryen for Drivprisen er:

  • Johannes Rauboti, konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi
  • Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane
  • Gro Anita Fonnes Flaten, prorektor for forsking ved Høgskulen på Vestland
  • Bård Sandal, fylkesdirektør innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylke
  • Nina Broch Mathisen, direktør for Innovasjon Norge Vestland