Drivprisen 2022 – nominer kandidaten din!

Jobbar du i ei bedrift i Vestland som tek det grøne skiftet på alvor? Eller kjenner du til ei? No kan du nominere bedrifta til Drivprisen 2022. Søknadsfrist 31. august.

Drivprisen skal delast ut for fjerde gong, og vi er på jakt etter gode kandidatar. DRIV-prisen er ein grøn innovasjonspris i Vestland fylke der målet er å løfte fram gode idear med eit ekstra stort potensial til å setje fart på det grøne skiftet. 

Prisen vart delt ut for første gong i 2019 på konferansen Kraft i Vest på Sandane. Då var det Corvus Energy frå Bergen som vann. I 2020 var det digital utdeling, og då gjekk TioTech til topps. I 2021 var det endeleg Kraft i Vest igjen, og då var det Boliden Odda som tok førsteplassen.

Vinnaren får 200 000 kroner, andreplassen får 50 000 kroner og tredjeplassen 30 000 kroner.

Desse søker vi: 

  • Bidraget kan både vere eit gründerprosjekt, ein ny patent, eller ein forretningsidé frå etablerte verksemder eller organisasjonar. 
  • Bidraget må vere originalt og ha potensial til å vere med å setje fart på det grøne skiftet. 
  • Bidraget må ha forretningsadresse i Vestland fylke, og vinnarbidraget må også ha eit stort potensial for verdiskaping og arbeidsplassar her.