Bergen Carbon Solutions brukar banebrytande teknologi for å produsere karbon-nanofiber direkte frå klimagassen CO2.
Sjå Bergen Carbon Solutions sin nettstad →
Det som starta som ei bacheloroppgåve ved Høgskolen i Bergen vart seinare til Bergen Carbon Solutions. Dette selskapet brukar banebrytande teknologi for å produsere karbon-nanofiber direkte frå klimagassen CO2. Materialet kan mellom anna brukast til lettare og sterkare båtar, fly og bilar, og til å gjere batteria for transportmidlane mykje kraftigare.
– Dei reduserer klimautslepp samstundes som dei utviklar eit sterkt materiale vi har bruk for i mange produkt. Dette har verkeleg blitt lagt merke til internasjonalt, og marknadspotensialet er enormt, seier Broch Mathisen i juryen. To av dei som utvikla den nemnde bacheloroppgåva, Jan B. Sagmo og Finn Blydt-Svendsen, var det som starta Bergen Carbon Solutions i 2016.
– Vi set stor pris på dette, og det viser at vi gjer noko riktig. Vårt mål er å lage ny grøn industri til Vestland, seier dagleg leiar Jan B. Sagmo, om nominasjonen.
– CO2 er noko ingen vil ha, men som vi har mykje av. Måten vi gjer det på er at vi skil karbon frå CO2-molekyl og dannar karbon-nanofiber og O2-gass. Vi er per i dag dei einaste i verda som gjer dette, og med tanke på metodane det er laga på så framstår det miljøvenleg, forklarer Sagmo