Selskapet har satsa på produktinnovasjon og prosessinnovasjon, samt eit sterkt fokus på produksjonsteknologi og prosessar som skal redusere CO2 utslepp. Målsetninga er å ta ein leiande posisjon som berekraftig tekstilprodusent.
– Juryen ønskjer å gi honnør til Innvik som har kome langt i sitt arbeid med å gjere produksjonen sin klimanøytral. Dei har store ambisjonar om å bli klimanøytrale allereie innan 2022. Sjølv om dei har tatt eksisterande teknologi i bruk, er dei eit godt forbilde for andre selskap og dei skal vere stolte av å vere langt framme i ein bransje som har blant dei høgste klimautsleppa i verda, seier regiondirektør Nina Broch Mathisen i Innovasjon Norge Vestland.
Selskapet har satsa på produktinnovasjon og prosessinnovasjon, samt eit sterkt fokus på produksjonsteknologi og prosessar som skal redusere CO2 utslepp. Dei har investert i nytt utstyr, etablert anlegg for berekraftig energiproduksjon og planlegg ei investering på 50 mill. kr knytt til klimastrategien sin. Målsetninga er å ta ein leiande posisjon som berekraftig tekstilprodusent.
– Det er svært gledeleg å motta denne utmerkinga og eg er stolt av dyktige og engasjerte medarbeidarar som skapar desse resultata. Det er desse medarbeidarane sin sterke kompetanse på tekstil, samarbeidet med Kvadrat sin globale salsorganisasjon og denne viktige satsinga på berekraft som legg eit solid grunnlag for fortsett vekst og utvikling, seier Bjørn Aage Haugen, dagleg leiar i Innvik AS.