Evoy held til i Florø, og jobbar med elektrifisering av hurtige proff- og fritidsbåtar.
Firmaet vart stifta for under to år sidan, men dei har allereie sjøsett sin første prototype, Evoy1, og fått gode tilbakemeldingar på denne. Evoy1, snart verdas raskaste elbåt, vart døypt av statsminister Erna Solberg i august.
– Evoy er heilt i front på utvikling av smarte framdriftsløysingar for mindre båtar. Med Evoy sine løysingar vil både forureina utslepp og støy bli betydelig redusert, seier Nina Broch Mathisen, direktør for innovasjon Norge Vestland, på vegne av juryen.
– Det er utruleg kjekt at det er andre som ser potensialet i det vi held på med, seier Leif Stavøstrand, dagleg leiar i Evoy, om nominasjonen.Evoy-sjefen held fram med at dei har store mål for framtida:
– Dette gir motivasjon, og gjer arbeidet lettare. Vi har ein visjon om ein global reduksjon av klimagassar. Det gjennom å skape lokale, regionale og nasjonale arbeidsplassar. Eg meiner vi har eit kjempepotensial til å klare det, seier Stavøstrand.