Drivprisen er ein grøn innovasjonspris i Vestland. Den skal premiere og inspirere idear, teknologi og menneske som siktar på å bli ein viktig del av klimaløysinga. I 2024 vert Kraft i Vest arrangert i september og då skal Drivprisen delast ut for sjette gong.
Tidlegare vinnarar
Prisen i 2023 vart delt ut på Kraft i Vest på Sandane. Dei som tok dei tre topplassane var Renasys, ECOsubsea og Carrot.