Ein av desse bedriftene vinn Drivprisen i 2023

Topp tre er klare. Det blir enten Carrot, Renasys eller ECOsubsea som vinn Drivprisen i 2023. Vinnaren vert kåra på Kraft i Vest 21. september.

«Tid for handling», er teamet på årets Kraft i Vest på Sandane. Vi veit kva retning vi må gå, men korleis når vi målet om ei fornybar framtid? For femte året på rad skal det på konferansen delast ut ein pris til ei verksemd som har ei løysing på nettopp dette.

Drivprisen er ein grøn innovasjonspris i Vestland som har som mål å løfte fram gründerar, idear, teknologi og menneske i fylket som er med og set fart på det grøne skiftet.

Eit stort samarbeid

Juryen har hatt mange gode nominasjonar på bordet, og etter gode diskusjonar står det no mellom tre bedrifter. Dette er Carrot, Renasys eller ECOsubsea. Bedrifta som stikker av med topplasseringa får hovudpremien på 200 000 kroner, medan andre- og tredjeplassen får 50 000 kroner og 30 000 kroner.

Drivprisen er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, Innovasjon Norge og Vestland fylkeskommune.

Om kandidatane

I fjor var det Brødrene Aa som tok førsteplassen, med HyFuel og Aquabyte på plassane bak. Også i år er det ei fin blanding av bedrifter som både er godt etablerte og som er meir i startfasen.

Carrot: Bergen-baserte Carrot er ein nyskapande aktør innan sirkularitetsdata. Dei har skapt ei datadreven løysing for avfallsproblematikken, som fremjar effektiv ressursbruk og skal sikre at fleire materiale blir gjenvunne. Dette gjer dei ved å belønne god sortering på bakgrunn av data om kven som kastar kva, gjennom prismodellar som «pay as you throw». I Bergen har det gitt 9 prosent reduksjon i innsamla restavfall. Carrot er aktive frå Bodø til Sandnes og Bergen til Halden. Selskapet har eit enormt potensiale for å forme framtida for avfall og sirkulær økonomi.

Renasys: Dei held til i Førde i Sunnfjord og har i dag 14 tilsette. Renasys har utvikla ein renseteknologi for avløpsvatn, og har utvikla ein metode som fjernar 99% av partiklar over 5 mikrometer utan bruk av kjemikaliar. Dei rensar avløpsvatn og gjer restproduktet om til nyttige ressursar som energi, gjødsel og jordforbetring. Dette hjelp med å halde vatnet reint, og skapar verdi frå noko som elles ville vore avfall. Renasys sitt arbeid er eit steg mot ein meir berekraftig og sirkulær økonomi, der ressursar blir utnytta til det fulle.

ECOsubsea: Med hovudkontor i Austevoll, er ECOsubsea ein pioner innan miljøvennlege skrogvaskeløysingar for skip. Dei har utvikla ein teknologi som ikkje berre reduserer drivstofforbruket for skip ved å halde skroget reint, men som også beskyttar det marine miljøet ved å samle opp og behandle skadelege mikro- og makroorganismar, mikroplast og giftstoff frå antifouling maling. Dette bidreg til å spare opp til 10 millionar tonn CO2 årleg. Med ambisjonar om global ekspansjon, har ECO subsea potensialet til å sette ein ny standard for berekraftig skipsvedlikehald på verdsbasis.

Juryen for Drivprisen er:

  • Knut Arild Flatjord, konserndirektør produksjon i Sogn og Fjordane Energi
  • Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane
  • Geir Kåre Resaland, prorektor for regional utvikling ved Høgskulen på Vestland
  • Bård Sandal, avdelingsdirektør næring, plan og innovasjon i Vestland fylkeskommune
  • Rune Henjesand, kunderådgjevar i Innovasjon Norge Vestland