Drivprisen 2024 – nominer kandidaten din!

Jobbar du i ei bedrift i Vestland som tek det grøne skiftet på alvor? Eller kjenner du til ei? No kan du nominere bedrifta til Drivprisen 2024. Søknadsfrist 31. mai 2024.

Drivprisen skal delast ut for femte gong, og vi er på jakt etter gode kandidatar. Drivprisen er ein grøn innovasjonspris i Vestland fylke der målet er å løfte fram gode idear med eit ekstra stort potensial til å setje fart på det grøne skiftet. 

Prisen vart delt ut for første gong i 2019 på konferansen Kraft i Vest på Sandane. Då var det Corvus Energy frå Bergen som vann. I 2020 var det digital utdeling, og då gjekk TioTech til topps. I 2021 var det endeleg Kraft i Vest igjen, og då var det Boliden Odda som tok førsteplassen. I 2022 var det Brødrene Aa som tok sigeren på heimebane i Gloppen. Under den siste konferansen i 2023 var det Førde-bedrifta Renasys som gjekk av med topplasseringa. 

Vinnaren får 200 000 kroner, andreplassen får 100 000 kroner og tredjeplassen 50 000 kroner.

Desse søker vi: 

  • Bidraget kan både vere eit gründerprosjekt, ein ny patent, eller ein forretningsidé frå bedrifter eller organisasjonar. 
  • Bidraget må vere originalt og ha potensial til å setje fart på det grøne skiftet.
  • Bidraget må ha forretningsadresse i Vestland fylke, og vinnarbidraget må også ha eit stort potensial for verdiskaping  her.