Drivprisen 2021 – nominer kandidaten din!

Jobbar du i ei bedrift i Vestland som tek det grøne skiftet på alvor? Eller kjenner du til ei? No kan du nominere bedrifta til Drivprisen 2021. Søknadsfrist 31. august.

Drivprisen skal delast ut for tredje gong, og vi er på jakt etter gode kandidatar. Drivprisen er ein grøn innovasjonspris i Vestland fylke der målet er å løfte fram gode idear med eit ekstra stort potensial til å setje fart på det grøne skiftet. 

2020-prisen vart delt ut digitalt, og då var det Tiotech som gjekk heilt til topps. I år er derimot planen at prisen, som i 2019, blir delt ut på Kraft i Vest på Sandane. Denne konferansen vert arrangert 22.-23. september.

Vinnaren får 200 000 kroner, andreplassen får 50 000 kroner og tredjeplassen 30 000 kroner.

Desse søker vi: 

  • Bidraget kan både vere eit gründerprosjekt, ein ny patent, eller ein forretningsidé frå etablerte verksemder eller organisasjonar. 
  • Bidraget må vere originalt og ha potensial til å vere med å setje fart på det grøne skiftet. 
  • Bidraget må ha forretningsadresse i Vestland fylke, og vinnarbidraget må også ha eit stort potensial for verdiskaping og arbeidsplassar her.