Ein av desse tre tek førsteplassen i 2021

7Analytics, Boliden Odda, eller Zinus. Ein av desse bedriftene stikker av med Drivprisen 2021.

For tredje gong skal Drivprisen delast ut. Drivprisen er ein grøn innovasjonspris i Vestland fylke, der målet er å løfte fram innovative idear med eit ekstra stort potensial til å setje fart på det grøne skiftet.

– Vi har fått inn mange gode nominasjonar som har eit stort potensial til akkurat det vi ser etter. Det viser at bedriftene i fylket tek det grøne skiftet på alvor, og det er veldig bra. Etter gode diskusjonar i juryen står vi no att med tre spennande vinnarkandidatar, seier Johannes Rauboti, konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi (SFE).

Samarbeid mellom mange

Dei tre det no står mellom er 7Analytics , Boliden Odda og Zinus. Bedrifta som vinn får ein premie på 200 000 kroner. Vinnaren vert kåra på næringskonferansen Kraft i Vest på Sandane 22.-23. september.  Andre- og tredjeplassen får høvesvis 50 000 og 30 000 kroner.

Drivprisen er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, Innovasjon Norge og Vestland Fylkeskommune.

Litt om kandidatane

Dei tre vinnarkandidatane er ein god miks av bedrifter som både er godt etablerte og som er på veg opp og fram. Felles for dei alle er at dei tek klimautfordringane på alvor og finn moglegheitene i grøn innovasjon.

7Analytics: Ei spennande og fersk bedrift frå Bergen som gjekk inn i 2021 med to tilsette. No er dei åtte, og har store planar om å tilsette mange fleire i løpet av dei neste åra. Dei utviklar software som skal sørge for berekraftig overvasshandtering, samt hjelpe dei ansvarlege som skal styre vatn/avløp for å sikre at det ikkje oppstår flaum. Deira unike flaumkube skal førebygge skader på bustader, infrastruktur og menneske

Boliden Odda: Ei stor bedrift som stadig er i vekst, og som produserer sink på ein berekraftig måte. Boliden produserer i dag produkta sine med eit lågt karbonavtrykk, og dei jobbar kontinuerleg med å forbetre seg. Metall er viktig i det grøne skiftet, og ekspansjon i Odda gjer at dei nødvendige metalla i det grøne skiftet også blir produsert med lågt CO2-avtrykk.

Zinus: Dei held til i Rubbestadneset i Bømlo kommune, og er ein leiande leverandør av landstraumsprodukt og autonome ladeløysingar for hamner og skip. Dei utviklar eigne produkt frå si tekniske avdeling, der dei både bygger prototypar og testar. Zinus sine løysingar bidreg til ein stor utsleppsreduksjon i ei næring som består av mykje fossilt brennstoff.

Juryen for Drivprisen er:

  • Johannes Rauboti, konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi
  • Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane
  • Gro Anita Fonnes Flaten, prorektor for forsking ved Høgskulen på Vestland
  • Bård Sandal, fylkesdirektør innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylke
  • Nina Broch Mathisen, direktør for Innovasjon Norge Vestland