Kraft i Vest

Drivprisen har sitt utspring frå energi- og næringskonferansen Kraft i Vest. Konferansen er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, Vestland Fylkeskommune og Innovasjon Norge. Det er ein viktig arena som samlar næringsliv frå fleire bransjar regionalt og nasjonalt samt set samfunnsaktuelle tema knytt til mellom anna energi, klima og teknologi på agendaen. Ein ønskjer å engasjere folk til å nominere selskap/grundarar og framheve vinnarane av Drivprisen.

Nokre av innleiarane på Kraft i Vest er mellom andre WWF, Google, Lefdal Mine, Naturvernforbundet, FN, Avinor, Facebook, PST,  ei rekkje politiske parti med fleire.

Grunna Covid-19 situasjonen er Kraft i Vest 2020 avslyst. Neste konferanse er 22.-23.september 2021.

Les meir om Kraft i Vest.