TioTech er komne langt i å utvikle eit nytt batterimaterial, «TitanB», med svært lovande resultat. Produktet gjer elektrifiseringa meir berekraftig ved å gje batteri lengre levetid, kortare ladetid og betre prestasjon ved låge temperaturar.
– Selskapet jobbar for å finne løysing på nokre av samfunnet sine største problem; anten det er innovative måtar for å reinse byluft, minske bruk av kjemikaliar i vasking av bygg eller korleis gjere batteriteknologi meir berekraftig. Berekraft er med i heile prosessen, og Tiotech har vist sterk evne til nytenking, seier konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi, Johannes Rauboti.
TioTech AS er ei nanoteknologibedrift med spisskompetanse på titandioksid. Dei har tidlegare utvikla overflatebehandlingsprodukt til betong og tre som er miljøvenleg, held overflater reine og bryt ned NOx-gassar utan bruk av giftige stoff. Sommaren 2020 endra verksemda namn frå Joma International AS til TioTech AS i samband med satsing på batteriteknologi. Dei er komne langt i å utvikle eit nytt batterimaterial, «TitanB», med svært lovande resultat. Produktet gjer elektrifiseringa meir berekraftig ved å gje batteri lengre levetid, kortare ladetid og betre prestasjon ved låge temperaturar.
– Det var ei veldig positiv overrasking. Det har vore ein lang og einsam veg fram til eit ferdig produkt, så å få ei slik merksemd er veldig kjekt! Vi har veldig lovande resultat no, men det krev mykje for å nå ut til ein verdsmarknad. Ein slik pris er utruleg motiverande for vidare satsing på batteriteknologi frå Vestlandet, seier ein glad Anders Teigland, dagleg leiar for Tiotech AS.